Hei! I dag stod eg ikkje opp. Ein fugl kviskra meg i øyret i dag tidleg. Han sa: "Det er enøk å liggja under dyna så lenge som råd!" Så no ligg eg her. Eg har ligge her i snart tjue timar. Mor har henta mat. Syster mi har gjeve meg godteri. Far kom med støvsugaren, så eg kan sleppa ut gult vatn utan at det vert søl.
Det er ingenting å frykta her eg ligg. Det kan jo ikkje skje så skrekkeleg mykje. Eller jau, det er ein ting eg ottast. Eg har høyrd rykte om at ein kan utvikla såkalla innehud som ein får av å vera inne (gjerne sengeliggjande), som i ytste konsekvens medfører liggjesår. Difor har eg teke på meg mi nye eignelott - Morgonkåpe i ein storleik Kristen Gislefoss ville drukna i (neppe). Ho gjev meg eit mjukt underlag, samstundes som ho pustar (det innbiller eg meg iallfall). Takk til meg sjølv for ei fin og gjennomtenkt julegåve!
Eg har forresten nett sett fotballkamp på veven. Det var jammen spennande! Og eg som hadde slutta å bite det som er ytst på fingrane! Fotball er ikkje helsebringande for meg. For ordens skuld: Mitt lag vann kampen. Meg --> :D
No må eg byta støvsugarpose (og målform).
for 5 år siden
Og mens noen av oss sliter drøvelen av oss med festing og skøy, ligger du hjemme og "koser" deg. ":)" Veldig mye omtanke for oss ulykksalige!!!!
SvarSlettJeg observerer forresten med undring på at "hoppetau" har gått frem med stormskritt, og tangerer nå "loff"s ledelse.
Hold knyst, du usle Niding! Mens jeg her lider af Urinvejsinfeksion og mulig Nyrebekkenbetendelse, griner du af mine Liggesår? Jeg tror, jeg må hviile i nogle Dager. For nu er jeg mett af dage.
SvarSlett