Er Oslo en levende organisme?

Den skuggefulle einsemda

I dette skjønnlitterære innlegget finnes det snev av parallellisme til det virkelig liv. Tolk. Og beklager mitt rustne mål. En stund siden sist.

Det var ein gong for lenge, lenge sidan - den sommaren då det snødde om sommaren. Det var på den tida kloakken enno ikkje hadde vorte lagt i røyr, men rann fritt i rennesteinen. Ein dag den sommaren sat ein liten gut med namn Gunnjan og såg på graset som grodde og på målinga som tørka på husveggen. Det tok si tid dette her, tenkte guten. Ikkje så rart, sidan det snødde og var det mest ofselege uvêr ein kunne tenkje seg.

Då målinga endeleg hadde tørka, hadde kvelden kome. Det er ikkje eingong sikkert at målinga hadde tørka, for det var så mørkt at det var umogleg å sjå. Og Gunnjan torde ikkje stikke hovudet bort til veggen. Han kunne jo ha vorte raud på nasen!

Då den stakkars guten hadde stabla beina sine innanfor dørstokken, satte han seg ned andsynes kakkelomnen. Han var heilt åleine den kvelden. Ikkje berre hadde syster hans drege på tokt til nabogarden, foreldra hans hadde òg funne nokre grannar dei åt og sov over hjå.

Gunnjan hadde inkje å gjere. Han kunne alltids mjølke kyrne eller spyle katten, men han fann ut at det kunne dei klare heilt fint sjølv. Gunnjan tok opp spikkekniven sin - den han hadde arva frå bestefar sin. Han tok eit stykke tre frå vedskjulet og satte seg framfor omnen att. Han byrja å spikke. Det tok ikkje lang tid før Gunnjan sat med ein bokhylle i nevane. No har eg verkeleg lagt gullegget, tenkte han med seg sjølv. Eg kan jo lage mykje forskjellig, og selje det på marknaden til dei som treng ting til garden sin.

Den dagen grunnla Gunnjan eit av verdas største selskap, SPIKKEA.