Er Oslo en levende organisme?

Draumen

God dag. Takk for sist.

Eg er svært redd for tida. Ikkje berre har eg med naud og neppe karra meg gjennom to eksamenar, eg har vore utsett for nokre grufulle draumar. Eg har aldri opplevd slikt nokon gong før. Det er så ille at eg ikkje har lyst til å leggje meg om kvelden. Eg har eigentleg ikkje lyst til å vite kvifor eg har desse draumane, men det har gått så langt at eg likevel treng å vite kva dei tyder.

(Ein fugl (meg sjølv) kvitrar meg i øyret at ein akutt kjensle av mangel på kunnskap rett i forkant av eksamen kan vere årsaka. Eg trur eg er einig.)

Så eg har kome til punktet utan nokon veg attende.* Eg tenkte å dele med dykk den verste draumen av dei alle. "Strykejernkvinna" har eg valt å kalle honom (draumen, red.anm.).
Vel, her er han (og eg tar atterhald om at nokre detaljar er utegløymd eller uriktige i samhøve med realiteten):

Det heile byrjar i ei finare stove. Eg vil seie det er i Statane, mest sannsynleg i California, om eg må gjette. Ein mann av stoltaste sort lager mat til sin vakre kone. (Noko er allereie her i utakt med slik det bør vere.) Han stend på kjøkkenet og struttar av sjølvtillit i sin sterke kropp. Ja, han er verkeleg sterk. Det kan ein sjå på musklane. Av ein eller annen grunn har han bar overkropp. Det skal vise seg å vere lagnadstungt... (slå opp ordet her)

Mannen er forresten mørk. Han har mørk og silkemjuk hud. Eg blei faktisk ein smule misunneleg på honom for utsjånaden hans då eg sov. Medan han stend og freser lauk, dukkar plutseleg ei smellvakker blondine opp. Ho gjeng rundt i satengklede og prøver å forføre den velfødde mannen. Han let seg ikkje affisere i særleg stor grad, for kona sit i sofaen og les avisa rett attmed kjøkkenet og følgjer med med eitt auge. De har ei open løysing, som det heiter, så det er ikkje ein veldig tung oppgåve å ha eitt auge på fjernsynet og eitt på mannen sin.

Men i draumen er det rett på sak. Den rykande heite blondina lèt seg ikkje knekke, men held fram flørtinga. Ho gnir handa varsamt over den nakne skuldra til mannen. Han snøftar høglytt av misnøye. Det viser seg at blondina er gjennomgåande vond. Ho svarer med å ta opp eit knøttlite, glødande strykejarn frå handveska si. Det er ikkje større enn det ytste leddet på tommelen. Ho tar eit skritt bakover så ho står omtrent ti centimeter frå honom. Så kaster ho strykejarnet av all sin kraft mot nakken hans. Det limer seg fast i huda. Berre stille ynking høyrast frå mannen (draumane mine er relativt lavmælte). Så trekk ho opp fleire strykejarn som ho viljug kastar nedover ryggen og armholen. Kona sit lamma av skrekk i sofaen. Blondina tømmer til slutt heile veska over den ein gong så stolte mannen. Han brølar tause brøl. Det lukter svidd kjøt (i den grad ein draum kan lukte noko). Den svarte, flotte mannen er redusert til noko ynkeleg. Han ligg og vrir seg i smerte. Pusten går saktere og saktere. Er han i ferd med å døy? Eller samlar han berre krefter til å ta rotta på blondina?

Eg veit ikkje, for eg vakna akkurat i den augneblinken. Veit nokon kva draumen min tyder? Det kostar meg mykje å brette ut livet mitt på denne måten. Eg håpar eg får noko att for det.


* the point of no return

5 kommentarer:

  1. http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=jfr&bokmaal=S%F8k+i+Bokm%E5lsordboka&ordbok=bokmaal&s=n&alfabet=n&renset=j

    Føler ikke at du akkurat fikk fanget det skumle ved drømmen, jeg føler rangering av adjektiv kan forekomme slik:

    erotisk > morsom > ... > skummel

    Ellers flott at du deler tankene, jeg har ikke peiling på hvorfor du drømmer som du gjør xD

    SvarSlett
  2. glødende strykejern er sykt skummelt når man drømmer! spesielt når de er så små at de kan tas med i hopetall i en håndveske!

    SvarSlett
  3. Eg trur drømmen betyr at du ikkje e heilt go!

    SvarSlett
  4. Jeg tror drømmen betyr at du gjerne vil bli mørkere i huden og flinkere til å lage frokost til din kone, men din sanne natur (og de nåværende forutsetningene) "stryker ut" mulighetene du har på det området (det er vinter, og solarium er ikke et alternativ + det er tungt å stå opp så tidlig om morgenen).

    SvarSlett
  5. JAAA!!!! ::D:DDD::D:D:D::D:D:D

    SvarSlett

Du er best!